Arrangører
| Arrangører |
|
|
|
Vestborgcup arrangeres av Vestborgrussen, NLM Sunnmøre og Romsdal krins og Vestborg VGS. VestborgrussenHvert år velger russen ved Vestborg VGS seg ett land hvor de ønsker å gi hjelp til ulike prosjekter. I år har russen valg Mongolia som prosjektland. Mer informasjon kommer NLM Sunnmøre og Romsdal krinsUnder NLM sitt motto "Verden
For Kristus", vert det drive eit omfattande arbeid både lokalt og på
krinsplan av folk i alle aldrar. Frå små foreiningar til forsamlingar.
243 foreiningar samlast regelmessig til kristent fellesskap og kristent
engasjement for medmenneske både i nabolaget og fjerne himmelstrøk. Vi
ynskjer menneske velkomen til kristent fellesskap og teneste. Krinsen
driv vidaregåande skule, tre nærradioar, ni barnehagar, fire
leirstadar. Krinsen har mange medarbeidarar som forkynner Guds Ord
utover heile krinsen i samlingar i på bedehus og i foreiningane.
Krinsen er med på å sender ut fleire misjonærar frå vår krins til
arbeidet på eit av misjonsfelta til NLM. Les mer om NLM Sunnmøre og Romsdal krins Vestborg VGSVestborg VGS er ein vidaregåande internatskule, skulen ligg på Stranda, midt i Sunnmørsalpane. Vi tilbyr studiespesialisering og påbygging. Vestborg er ein vidaregåande skule, mykje er likt ein offentleg skule: - Du har same læreplan og same eksamen.
- Du får same vitnemål. - Dei same studiane er opne for deg når du er ferdig. Vestborg tilbyr studiespesialisering og påbyggingsår for elevar som har gått yrkesfaglege studieretningar. Sjå meir om studietilboda i menyen til venstre. Vestborg er meir enn berre ein skule! Dei fleste av elevane våre bur på skulen, og internatlivet er noko for seg sjølv. Det kan vere tryggare og betre å bu på internat enn å bu på hybel. Måltida blir servert i matsalen, og tilsynspersonale er i miljøet også etter skuletid. Det er gode moglegheiter for ei aktiv fritid både på skulen og i området rundt skulen. Vestborg er plassert midt i Sunnmørsalpane – og er eit godt utgangspunkt for toppturar både sommar og vinter. Det er 5 km til Strandafjellet Skisenter. På ettermiddagstid er det ofte stor aktivitet i gymsal og treningsrom. Med ein gong våren kjem - og til langt utover hausten er det aktivitet på beachvolleyballbana. Vestborg er ein kristen skule, og her kan du vere med i bibelgrupper og på møter. |
Arrangører
